Klimapartnere Vestland er glade for å presentere Framtidshavet som ny klimapartnar.
Foto: Jan Inge Skogheim
Framtidshavet står bak plastryddeaksjonane i Hardangerfjorden og Sognefjorden dei siste åra. Hundrevis av elevar, tilsette i bedrifter og andre frivillige har delteke i ryddinga og fått erfare korleis plasten kveler natur og dyreliv – men òg at det nyttar å rydde!
Fleire hundre tonn er fjerna – tidlegare forsøpla kystlinjer får puste igjen – og initiativtakar Kenneth Bruvik og medarbeidarane hans har større planar – som vi må vente litt med å røpa. Sjå elles NRK-serien “Plasthavet”, så blir du kjend med Kenneth og dette viktige arbeidet.
– Klimapartnere er eit fantastisk tiltak der bedrifter og andre viktige aktørar kan gå saman for å gjera ein forskjel i det grøne skiftet. Dette vil me i Framtidshavet vera med på, seier Bruvik.
Også styreleiar Bjarte Erstad ser fram til å møta partnarskapet.
– Det er stor kraft i det å dela erfaring og nytenking – og i lag kan me påverka til beste for samfunnet og naturen som me er heilt avhengige av, seier Erstad.