Vestland

Klimapartnere Vestland er regionen sitt viktigaste partnerskap for utsleppskutt og grøn forretningsutvikling. Her samarbeider 70 partnerverksemder systematisk for nullutslepp innan 2030.

TOPPLEIARMØTE 2020: Frå v.: Renate Nedregård, Klimapartnere Vestland, Thor Haakon Bakke, Byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen, Alfred Bjørlo, Ordførar Stad (V), Roger Valhammer, byrårdsleiar Bergen, Helene Frihammer, leiar Klimapartnere Vestland, Gaute Epland, Ordførar Stord (Ap), Jon Askeland, Fylkesordførar Vestland (Sp). Foto: Magnus Knutsen Bjørke.

 

Operasjon nullutslepp 2030

Vestland har vedtatt mål om å bli eit nullutslepps fylke innan 2030. Alle Klimapartnere vært utfordra om å fjerne alle direkte utslepp innan 2030 og sette seg mål i tråd med dette, samt å være sterke pådrivarar for det grøne skifet i regionen. Partnerskapen er prega av haldinga: «Dette berre gjer vi!»

Vi er stolte av tett og godt samarbeid for ein grønare region i eit samla fylke. Klimapartnere Vestland legg særleg vekt på grøn forretnings- og næringsutvikling; «Der det er utslepp, er det også moglegheiter!»

Resultat og beste praksis

Vi er svært stolte av at 25% av partnarane i Vestland allereie er fossilfri og at 75 % har sett seg mål om å bli det seinast innan 2030. Fleire og fleire partnarar setter også krav til leverandørar om mål om å bli fossilfri innan 2030  eller om å være karbonnøytrale.  Dette skaper store ringverknader i eit heilt fylke og driver utviklinga framover.

Klimaregnskap Vestland 2019

Beste Praksis 2018

Utrulling til heile landet

Klimapartnere Vestland vart etablert i 2014, saman med Norsk Klimastiftelse og Hordaland fylkeskommune. Sidan den gong har partnerskapen og leiar, Helene Frihammer, også hatt ei heilt sentral pådrivarrolle for å spre den gode Klimapartnere – metodikken til resten av landet. Dette har verkeleg lukkast, for snarlig er sterke partnerskap å finne i heile Norge. I rolla som Strategisk Prosjektleiar for Klimapartnere er målet å styrke metoden og løfte Klimapartnere i heile landet.

Ta kontakt

Om di verksemd vil akselerere det grøne skiftet, bli partner i Vestland eller samarbeide, er de hjarteleg velkomne til å ta kontakt!

Kontakt:

Renate Nedregård

Truls-Einar Johnsen

Arild Sondre Sekse

Tiril Amalie Johansen

Kommunikasjonsmedarbeider

+47 952 42 155

Postadresse:

Vestland fylkeskommune
Postboks 7900
5020 Bergen

Besøksadresse Bergen:

Vestland fylkeskommune
Sandslihaugen 30
5254 Sandsli

 

Besøksadresse Florø:

Magnus Thingnesgate 1, 3. etasje

6900 Florø