Sogn og Fjordane

Klimapartnarar Sogn og Fjordane er blant dei yngste medlemmane under Klimapartnarar-paraplyen. Prosjektleiar Truls-Einar Johnsen tiltredde i starta av november 2019 og er no i gang med å byggja opp eit framoverretta nettverk beståande av ambisiøse, nytenkjande og løysningsorienterte verksemder på tvers av bransjar og offentleg og privat sektor.

Formålet med Klimapartnarar Sogn og Fjordane er å styrke og løfte regionens næringsliv si omstilling til lavutsleppssamfunnet og fremme grøn samfunns- og næringsutvikling. Vi er no ute etter dei som vil være regionens flaggskip innan det grøne skiftet. Det vil seie dei bedrifter, kommunar og kunnskapsverksemder som vil stå i front og dele sin kunnskap og sine erfaringar innan miljøstyring og grøn samfunns- og næringsutvikling.

Sogn og Fjordane er eit fylke prega av ein rå natur som har gitt og fortsett gjer grunnlag for eit mangfaldig næringsliv. Fjella, fjordane og kysten dannar ressursgrunnlag innan båe havbruk, jordbruk, industri, transport og reiseliv. Det gir også potensiale for at fylket kan være i front av det grøne skiftet. Med framoverlente verksemder og gjennom samarbeid, bistand og klimafagleg påfyll kan dette potensialet utnyttast til det fulle.

Klimapartnarar Sogn og Fjordane tek sikte på å halde sitt stiftelses- og signeringsmøte innan påske 2020. Dersom di verksemd ynskjer å være ein spydspiss innan grøn omstilling, samfunns- og næringsutvikling, eller du kjennar til ei verksemd som bør være med i vårt nettverk kan du ta kontakt med prosjektleiar på anten telefon eller e-post.

Kontakt:

Truls-Einar Johnsen

Leiar Sogn og Fjordane

979 83 931

Postadresse:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Magnus Thingnesgate 1
6900 Florø

Besøksadresse:
Magnus Thingnesgate 1
3. etasje
6900 Florø