Stord kommune

Stord ligg sentralt i Sunnhordland mellom Stavanger og Bergen. Kyststamvegen E39 går over Stord, og Stord lufthamn har faste daglege ruter til og frå Oslo. Kommunen utgjer den sørlege delen av Stordøy i tillegg til den mindre øya Huglo. Nord på Stordøy ligg Fitjar kommune. Gjennom Trekantsambandet er Stord landfast med Bømlo og Haugalandet/Haugesund. Stord er byen og senteret i regionen Sunnhordland med mange og varierte tilbod innan privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett og kultur. Byen sine unike fortrinn er at ”alt er nært”; både fjord og fjell, kulturtilbod, arbeidsplassar, offentlege etatar, handelssentra og uteliv.

Klimavisjon

Stord kommune har mål om nullutslipp innen 2030. Stord kommune skal gjennom eit målretta, aktivt og systematisk HMT- arbeid sørgja for trivsel og tryggleik for sine tilsette. Det skal vera eit gjennomgåande arbeid for å redusera kommunen sin eigen påverknad på ytre miljø gjennom tiltak knytt til avfallshandtering, energibruk, utslepp med meir. Kommunen skal framstå som ein miljø-kommune og bidra til miljøtiltak i einingane.

Relaterte løsninger