Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane er den største banken i Sogn og Fjordane. Banken har 13 salskontor og 21 Bank i Butikk avtalar i Sogn og Fjordane. I tillegg har banken kontor i Bergen. Banken er den dominerande aktøren på privatmarknaden i fylket. Det er lånt ut 40,8 milliard kr til personar i Sogn og Fjordane og i resten av landet. Banken har ytt lån på 14,0 milliard kr til verksemder, i hovudsak i Sogn og Fjordane.

Klimavisjon

Sparebanken Sogn og Fjordane har som mål å vere ei verksemd som bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn. Vi ønskjer å vere ei miljødrivkraft i Sogn og Fjordane. Vi skal stille krav til leverandørar og samarbeidspartnarar om å ha eit bevisst forhold til berekraft.