
SIMAS er eit interkommunalt selskap, eigd av kommunane Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. SIMAS vart stifta 20. mai 1994 og handsamar avfallet for omlag 28.000 innbyggjarar (14.000 abonnentar). SIMAS handterer også næringsavfall via dotterselskapet Sirkla Ressurs AS
Visjonen til SIMAS er «Ressursar på rett veg» Med dette peikar vi på handteringa av avfallsressursane som ein viktig del av grønt skifte og i den sirkulære økonomien. SIMAS ønskjer å utnytte verdiane i avfallet, og å bidra til minst mogleg utslepp av klimagassar og miljøgifter – på ein kostnadseffektiv måte