
Samnanger kommune har om lag 2 500 innbyggjarar, med Tysse som kommunesenter og Bjørkheim som handelssentrum. Flest arbeidsplassar finn me innanfor helse- og sosialtenester, varehandel og motorvognreparasjonar, undervisning og bygge- og anleggsverksemd. Kommunen er den største arbeidsgjevaren, og om lag halvparten av arbeidsstokken pendlar ut av Samnanger, flesteparten til nabokommunen Bergen. Fylkesveg 49 har stor gjennomgangstrafikk gjennom kommunen, den fraktar hyttefolk til Eikedalen og Kvamskogen, og har også ein monaleg del av aust-vest trafikken over fjellovergangane.
Klimavisjon
Ei berekraftig utvikling skal gjera Samnanger til eit levande og klimanøytralt samfunn. I arbeidet med energi og klima vil me ta ansvar for energibruk og klimapåverknad frå innbyggjarar og næringslivet i Samnanger. Samnanger kommune har sett seg mål om å redusera stasjonær og mobil energibruk i kommunen generelt og auka bruken av energikjelder som kan fornyast. Samnanger kommune har som mål om å vera føregangskommune på miljøretta energi og redusera mengda av utslepp som er skadelege for klima eller lokalmiljø. Kommunen vil gjennomføra naudsynte tilpassingar for å stå rusta til å møta klimaendringar i framtida samt motivera til nytenking kring bruk av ny teknologi knytta til småskala klimaløysingar. Kommunen sin eldre Energi- og klimaplan er høgt prioritert for revisjon i framlegg til kommunal planstrategi for 2020-2023. FN sine berekraftsmål har stått sentralt i kommunen sine planarbeid dei siste åra, og eitt av måla her er å handla umiddelbart for å avgrensa klimaendringane og konsekvensane av dei.