Oseana kunst og kultursenter

Oseana er eit kunst- og kultursenter i Bjørnafjorden kommune. Oseana ønskjer å bruke mest mogleg av både tid og ressursar til å gje eit så breidt og godt kulturtilbod til Bjørnafjordingane som mogleg. Samstundes vil vi gå foran som eit føregangshus i arbeidet for klima lokalt så vel som nasjonalt.

Klimavisjon

I løpet av eit år har vi over 80 000,- besøkande, og vi trur at når publikum besøker oss for å ta inn ei kulturell oppleving, er dei samstundes åpne for ei klimapåverkning. Vona er å gje publikum både ein moglegheit til å bidra med grøne tiltak i publikumsområda på og ved huset, men også at dei skal ta med seg grøn inspirasjon til heim og arbeidsstad. Vårt hovedfokus med tanke på klimamåla er å påverke andre kulturhus, og få publikum til å ta eit større klimaansvar ved å dele våre visjonar og kunnskap.

Relaterte løsninger