Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2. Bjørnafjorden kommune sin visjon: «Eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping».

Klimavisjon

Bjørnafjorden kommune har ein klimavisjon om å bli eit nullutsleppssamfunn innan 2030. Kommunen skal jobbe systematisk for klima- , miljø- og samfunnsansvar i sine anskaffingar/ grøne innkjøp. Ønska effekt er å få en bevisst strategisk bruk av anskaffingar for å bidra til at kommunen når dei mål som er sett knytt til klima og miljø, arbeidslivskriminalitet og sosialt ansvar. Samt bidra til å velje løysningar som er berekraftige, og oppretthalde og byggje vidare på eit godt omdøme så tilliten til den nye samla kommunen ikkje svekkast. Kommunen vil mellom anna ha fokus på klima, energi og miljø gjennom energireduserande tiltak i kommunale bygg og anlegg, legga tilrette for miljøvenlege transportformar som kollektiv, sykling og gange, stille krav om klimavenlege løysingar i utviklingsprosjekt kommunen deltar i, og stimulere til grøn næringsutvikling

Relaterte saker