Høgskulen på Vestlandet Copy

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 16 000 studentar. HVL vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. HVL sine hovudverdiar er samspel, berekraft og nyskaping, og HVL- strategien har i tillegg sju felles faglege satsingsområde som skal styrkje den profesjons- og arbeidslivsretta profilen og vere gjennomgåande perspektiv i utdanning, forsking, formidling og samhandling. Universitetet som vi saman skal arbeide for å bli, skal vere ein viktig skapande faktor i utforminga av det framtidige Vestlandet. HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing. Kvart år uteksaminerer vi 3100 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver innanfor desse fagområda.

Klimavisjon

Det overordna målet er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil, tufta på verdiane samspel, berekraft og nyskaping og HVL vil i kommande periode utvikle sin eigen klimaversjon som er i tråd med verdiane våre.

Relaterte saker