Møt våre nye styringsgruppemedlemmer

Klimapartnere Vestland har valgt en ny styringsgruppe, som trer i kraft fra 1. januar 2022. Der er det tre nye fjes, som du kan bli bedre kjent med her.

Aslak Sverdrup

Aslak er 48 år og beskriver seg som konvertert bergenser fra Oslo. Han var fram til 2019 direktør ved Avinor Bergen lufthavn Flesland og ble en del av Klimapartnere Vestland med dem. I 2020 signerte han en ny partneravtale, denne gangen som administrerende direktør ved Akvariet i Bergen.

– Det medlemskapet har vi hatt god nytte av, både gjennom fora for ledere, og mer på nitti gritti forbedringsarbeid innen klima og miljø. I tillegg har det vært meget motiverende å få lov til å ære med i en gjeng som ser muligheter i det grønne skiftet, og samarbeider for å nå felles mål, sier Sverdrup.

– I Akvariet jobber vi hardt og strukturert for å etablere et verdensledende kunnskapssenter for havet, på Dokken, og da skal det gjøres på en bærekraftig og god måte for både jorden vår og alle som lever på den. Det ønsker jeg å involvere Klimapartnere i. Jeg gleder meg masse til å bidra så godt jeg kan i styringsgruppen, sier han videre.

Sverdrup er nyvalgt medlem av Klimapartnere Vestlands styringsgruppe, som trår i kraft fra nyttår. Styringsgruppen vil få en viktig rolle inn i de strategiske valgene og prioriteringene som Klimapartnere Vestland gjør, og skal representere hele partnerskapet. 2022 blir også første året hvor hele Vestland er representert i styringsgruppen.

Jacob Nødseth

Neste styringsgruppemedlem vi vil at de skal bli litt betre kjend med er Jacob Nødseth.

Jacob er leiar av plan-, miljø- og næringsutvalet i Kinn kommune, og er ein av våre to første styringsgruppemedlemmar frå tidlegare Sogn og Fjordane. Utafor hans politiske arbeid jobbar han som advokat.

Som ein del av det politiske leiarskapet i ein kystkommune som har fleire aktørar innanfor det grøne skiftet har han merka eit haldningsskifte i samfunnet.

– Å ta klima, miljø og berekraft på alvor er noko stadig fleire ser skapar trygge og framtidsretta arbeidsplassar, det blir ikkje lenger sett på som ei hindring, seier han.
Han ser samstundes eit stort grønt potensiale i eigen region og kommune.

– Vi er ein region i omstilling og der moglegheitene er mange. Vi kan løyse klimautfordringa, og samstundes til dømes omstille oljebyen i gamlefylket til fornybarbyen mellom Ålesund og Bergen. Det er kjempespanande å vere med på, sier Nødseth.

Trine Solheim

Den siste av våre to første styringsgruppemedlemmar frå tidlegare Sogn og Fjordane er Trine Solheim.

Trine er IT- og kvalitetssjef hjå Firda Billag. Ho er utdanna innan IT og økonomi, og jobba i IT-bransjen fram til ho tok med familien og flytta heim til Sunnfjord i 2016. Sidan hausten 2017 har ho jobba som IT- og kvalitetssjef i Firda Billag, og har roller som revisjonsteam-medlem for ISO-sertifisering i tidlegare Torghatten, styremedlem i Transferd og varastyremedlem i SumTrans.

– Motivasjonen for arbeidet i styringsgruppa til Klimapartner Vestland er knytta til drivet som partnarane har vist, samt det engasjementet som dei har klart å skape. Eg ser fram til å vere ein del av den kompetente gjengen i Klimapartner Vestland, og gler meg til å ta fatt på det viktige arbeidet med strategival og prioriteringar, seier Solheim.

Det er eit drøyt år sidan Firda Billag signerte sin partnaravtale med Klimapartnere Vestland. Billaget vart stifta i ei tid då innlandstransporten vart utført med hest, og det var stort behov for effektive transportløysingar. Trass i andre og moderne løysingar er denne målsettinga framles svært aktuell.

– Selskapet har ein ambisjon om å bli ein av dei leiande tilbydarane av transport og logistikk i Vestland fylke, noko vi vil oppnå gjennom målretta arbeid for eit innovativt, bærekraftig og verdiskapande transportsystem. Nettverksbygging og samarbeid har alltid hatt stor verdi, og vert heller ikkje mindre viktig i ei tid når klimautsleppa må reduserast, seier Solheim.

 

Les om hele vår nye styringsgruppe her