– Moglegheitsrommet er kanskje det største rommet i huset

Det var bodskapet frå Sveinung Jørgensen og Lars Jacob Tynes Pedersen då dei leia workshopen «Berekraft som konkurransekraft», i regi av Klimapartnere Vestland, med fleire.

Under leiing av to av Noreges fremste ekspertar på grøn forretningsutvikling Sveinung Jørgensen og Lars Jacob Tynes Pedersen fekk over 50 deltakarar frå ei rekke forskjellige verksemder og bransjar ei innføring i grøn forretningsutvikling. Dei blei også utfordra på korleis deira verksemd kan få meir berekraft inn i forretningsmodellen sin. Fleire av verksemdene har i etterkant av workshopen utrykt at dei no vil intensivere sitt berekraftsarbeid.

– Det er mange verksemder som har ei stor vilje for å intensivere berekraftsarbeidet, men kanskje blir litt overvelda og treng hjelp med å finne ut kor dei skal starte, seier Truls-Einar Johnsen i Klimapartnere Vestland.

Møteplass for likesinna

I tillegg til fagleg innhald frå Jørgensen og Pedersen fekk deltakarane også høyre innlegg frå Klimapartnere Vestland og NHO Vestlandet, samt ein innblikk i korleis Elkem har integrert berekraft i forretningsmodellen sin. Deltakarane vart inndelt i digitale grupperom på workshopen der dei ble utfordra til å reflektere rundt status, utfordringar og moglegheiter for berekraft i deira verksemd.

– Vi ser at aktørar i forskjellige bransjar og sektorar sit med dei same spørsmåla og utfordringane. Det å skape ein møteplass kor dei kan hauste erfaringar og refleksjonar frå kvarandre er veldig verdifullt, seier Johnsen.

– Stor interesse

Workshopen var arrangert av Klimapartnere Vestland i samarbeid med NHO Vestlandet, Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster. Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster har også tidlegare arrangert ein liknande workshop.

– Tilbakemeldinga viste at det er stor interesse for berekraft hos våre medlemmer og at mange ynskjer meir kunnskap og ein arena kvar dei kan diskutere sitt eige berekraftarbeid. Mange har også etterlyst ein slags «volum to», ein vidarekomande versjon av workshopen og det er noko vi jobbar med, seier Siri Odijk Solbakken hjå Hub for Ocean/ Ocean Hyway Cluster.

Vegkart for framtidas næringsliv

– NHO Vestlandet har i tida etter korona starta ei stor utrulling av digitale kurs som ei proaktiv medlemsfordel. Me ser at interessa for slike kurs er stor blant våre medlemmar. Dette er fyrste gang me arrangerer eit slikt digitalt fagleg kurs i lag med Klimapartnere og Hub for Ocean. Og det er definitivt noko me vil gjere meir av i tida som kjem, seier politisk rådgjevar Magnus Nygaard i NHO Vestlandet

NHO er no i full gang med å rulle ut et Vegkart for framtidas næringsliv, kor moglegheitsrommet og verkemidlane for næringslivet i framtida vert analysert. Berekraft, klima og miljø vil stå endå sterkare på agendaen i framtidas næringsliv. Noko også politikkdirektør i NHO, Mari Sundli Tveit, la stor vekt på under samlinga.