Grøn konkurransekraft Osterøy

Gjennom prosjektet «Grøn 2020» jobbar Industriutvikling Vest for å skape nye verksemder innanfor grøn omstilling i Osterøy kommune. Målet er å gjere Osterøy til en offensiv og næringsretta grøn kommune.

– Me skal få til heilt konkrete prosjekt, seier Nils Kristian Fjærvik, som leiar prosjektet Grøn konkurransekraft Osterøy i Industriutvikling Vest.

I 2020 fekk dei 300 000 kroner frå Vestland Fylkeskommune til prosjektet, gjennom tilskuddsordninga til innovasjon og næringsutvikling. No er dei i gang med å gjennomføra ein grundig kartlegging av utfordringar og mogelegheiter i Osterøy kommune, for å skapa nye verksemder innanfor grøn omstilling.

– Dette prosjektet skal også trekke saman trådane for fleire enkeltståande prosjekt/aktivitetar som har vore utført i Osterøy kommune, seier Fjærvik. – Formålet er å skaffa fram eitt felles kunnskapsgrunnlag som skal legge nye strategiar for Osterøy som ein offensiv grøn næringsretta kommune.

Tilknyttede partnere