Grøn konkurransekraft i Bjørnafjorden

Bjørnafjorden kommune har satt i gang eit treårig prosjekt for å løfte fram grøne idear i næringslivet. Ved deltaking i Grøn Bjørnafjord vil bedrifter få tilgong til skreddarsydd kompetanseheving, god oppfølging og ressursar for å utvikle eigne idear til grøn vekst.

– Målet med «Grøn Bjørnafjord» er å bli eit fyrtårnprosjekt for næringsliv som ynskjer å utvikle grøn konkurransekraft, seier Elin Thorsen Kløverød, næringssjef i Bjørnafjorden kommune.

I august 2019 innvilga Hordaland fylkeskommune (no Vestland fylkeskommune) nesten 800 000 kroner til prosjektet, og frå 2020-2023 er målet at 24 bedrifter vil kunne få delta og testa eigne prosjekt med målsetting om å redusere klimaavtrykket sitt, skape grøn vekst og auke verdiskapinga.

– Grøn Bjørnafjord-prosjektet vil legge til rette for at næringslivet i kommunen kan bli motivert til å satse enda meir på grøn næringsutvikling, og utvikle grøn konkurransekraft i samspel med eit fagleg breitt nettverk, seier Kløverød.

Dei fire bedriftene som vart plukka ut til å delta i prosjektet i 2020, er Oseana kunst-og kultursenter, møbelprodusenten Nuen AS, Byggmester Kjell Aarvik AS og Solstrand Hotell og Bad. I løpet av året har dei hatt fleire møter med ressursgruppa.

– Eg er imponert over kor motiverte deltakarane er til å finne nye løysningar, på kvar sine område, seier Renate Nedregård frå Klimapartnere Vestland, som er med i ressursgruppa.

Deltakarane har jobba systematisk for å kome fram til konkrete idear som dei no utviklar vidare med støtte frå nettverket i Grøn Bjørnafjord.

– Ved at kommunen tilbyr næringslivet hjelp til grøn omstilling, bidreg dei til å skape solide arbeidsplassar for framtida. Eg har tru på at dette er eit prosjekt som fleire kommunar kan ha nytte av å kopiere, seier Nedregård.

Les meir på www.gronbjornafjord.no

 

Tilknyttede partnere