Frå kaffegrut til østerssopp

Kvifor la næringsrik kaffegrut bli kasta som restavfall, når den kan gi næring til ein matdelikatesse som østerssopp? Klimapartner Det Bergenske Kaffeselskap satsar sirkulært – og får kundar med på bærekraftkonseptet.

Foto: iStockfoto

Dei har levert kaffe og kaffemaskiner til små og store bedrifter i Bergensregionen i årevis. Men i seinare år har dei jobba med å gjere bærekraft til ei bærebjelke i forretningsstrategien. På basen i Valestrandsfossen på Osterøy skal den første produksjonen av østerssopp skje.

Kvart år i Noreg blir det importert meir enn 43 tusen tonn kaffe. I Bergen går mykje av den brukte kaffegruten i restavfallet. Men Det Bergenske Kaffeselskap ønskjer at meir av dette avfallet skal gå til å skape nye produkt og jordfornying. 

Dei har derfor starta innhenting av kaffegrut frå sine største kundar. Først ut er Eviny (tidlegare BKK), Toro, KCA og Domstein Sjømat i Bergen. Dei ønskjer at kaffegruten skal bli til næring. Berre frå Eviny samlar dei inn cirka ti tonn grut i året!

Østerssopp er ein rasktveksande sopp som eignar seg godt til dyrking i kaffegrut. Årsaka er at mycelet, eller nettverket av soppsporer, greier å utnytte næringa i kaffegruten på ein god måte. Kaffegruten fungerer som substrat, altså planten sitt næringsgrunnlag, og blir iblanda soppmycel. Rein oppbevaring av gruten – og reint produksjonsmiljø – er viktig frå A til Å. Sjølve produksjonsmetoden har Det Bergenske Kaffeselskap lært hos selskapet Gruten AS i Oslo.

Lær meir om prosessen på dei to lenkene nedanfor!

Reisen til gruten – del 1 

Reisen til gruten – del 2

 

 

Tilknyttede partnere