I dag er alle fylkesvegferjer i tidlegare Hordaland og 2 i tidlegare Sogn og Fjordane elektriske. Planen er at alle nye ferjekontraktar i Vestland skal bli elektriske når nye anbod skal lysast ut.
Dermed har Vestland i dag 22 elektriske ferjer på 19 fylkesvegferjesamband.
Dei elektriske ferjene reduserer utsleppa med heile 90 prosent i høve dei gamle ferjene.
Dette er eit eksempel på at tydeleg politisk vilje kan bidra til å løyse klimautfordringane, og korleis anbud i det offentleg kan være viktige nøkkelbrikker for innovasjon i det grøne skiftet, både lokalt og globalt.