Biogass på Voss

Biogass på Voss

Indre Hordaland Miljøverk (IHM) på Voss står i spissen for å samle alle gode krefter til å produsere biogass basert på husdyrgjødsel, matavfall og andre våtorganiske ressurser.

Tema: Biogass

Biogass kan utnyttes til å produsere strøm, varme og drivstoff. De viktigste råstoffene for biogassproduksjon er: våtorganisk avfall, avløpsslam, fiskeslam, husdyrgjødsel, annet organisk materiale (Kilde: Miljødirektoratet).

«Biogass på Voss» er eit prosjekt som skal samla inn nok informasjon til å ta ei avgjerd om ein skal investere i eit anlegg. Prosjektet har motteke støtte frå Vestland fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland, Miljødirektoratet (Klimasats) og Voss herad, og er forankra Voss kommune sin Energi og klimaplan 2018–2022. . Indre Hordaland Miljøverk står for sjølve gjennomføringa av prosjektet.

Etterspurt løysing

Det er stor interesse for biogass både i landbruket, transportsektoren og avfallsektoren

Øyvind Birkeland, leiar for miljø og utvikling i IHM.

– I eit biogassanlegg kan matavfall frå heile regionen og husdyrgjødsel frå landbruket komme til nytte. Biogass er ei etterspurt løysing frå landbruket, fordi ein samlar opp biogent metanutslepp og effektiviserer logistikken av gjødsel. Transportsektoren etterspør biogass fordi den sparar utslepp ved å erstatte fossile brensler og er ei løysning som kan fungera med dagens teknologi.

Samtidig har avfallssektoren på Vestlandet eit stort behov for auka behandlingskapasitet for matavfall. Allereie i dag vert det eksportert mykje matavfall ut av regionen, og krava til utsortering vil auke framover.

Biogjødsel

I eit biogassanlegg kjem også restproduktet frå prosessen til nytte. Det attverande materialet etter biogassprosessen vert kalla biorest, og kvalitetssikra biorest vert kalla biogjødsel. Biogjødsel utnyttar alle ressursane i det organiske materialet, og kan erstatta bruk av kunstgjødsel i landbruket.

– Ein av dei største fordelene med å behandla organisk materiale i eit biogassanlegg, er at næringsstoffa ikkje forsvinn i prosessen, seier Birkeland. – Faktisk kan prosessen bidra til at enkelte av næringsstoffa vert meir tilgjengelege for plantane. I tillegg kan behandlinga av gjødsel drepa uynskte ugrasfrø og fjerna lukt.

Reduserte utslepp

Voss er blant dei mest aktuelle stadane i fylket for etablering av eit biogassanlegg, ifølgje ein rapport frå NIBIO frå 2016. Dette kjem av at husdyrproduksjon ligg samla og dermed gjev sparte kostnader for transport av gjødsel. Gjødsel er ikkje like potent som matavfall når det kjem til produksjon av biogass. Likevel er det spesielt interessant å bruka husdyrgjødsel til biogassproduksjon fordi det kan bidra til å redusera metanutslepp frå tradisjonell lagring av gjødsel. Derfor har regjeringa sett eit mål om at 30% av all husdyrgjødsel i Norge skal gå til biogassproduksjon innan 2020. Produksjon av biogass bidreg til reduserte utslepp på ei rekkje måtar, ved at biogassen kan erstatte fossil energi, at bioresten kan erstatte produksjon av kunstgjødsel, og ved at betre gjødsellagring gjev redusert utslepp av metan og lystgass.

Mat for insektslarvar

IHM jobbar også med eit anna område kor matavfallet kan gjere nytte for seg. Det vegetabilske matavfallet er eigna til produksjon av protein ved insektslarvar, som grundersgrunderselskapet Invertapro på Voss driv med. Invertapro og Indre Hordaland Miljøverk ser tydelege synergiar der den eine sitt biprodukt kan verte den andre sitt råstoff.

Moglegheitene her syner eit bilete av sirkulær økonomi i praksis

Øyvind Birkeland, leiar for miljø og utvikling i IHM

Du kan lesa meir om biogass på Avfall Norge sine nettsider.

Tilknyttede partnere

Indre Hordaland Miljøverk

Gå til nettside

Flere grønne løsninger

Klimapartnere er nå i hele Norge. Ta kontakt med ditt lokale kontor dersom du har spørsmål eller ønsker å bli partner.

Kart over klimapartner-regioner