SOMMARBREV Klimapartnere Vestland

Det er godt å gå sommaren i møte med eit Noreg som åpnar. Grøn omstilling trenger levande bedrifter og midlar må investerast. Det grøne skiftet blir peika på som ein av hovudvegane ut av krisa og det høvet må vi gripe!

25% av EU sine redningspakkar (2000 milliarder) rettast no inn mot Europas Grønne Giv , med mål om netto nullutslepp i EU i 2050. Omstillingspakkane i Noreg (sjå eigen kommentar på TV2) har ikkje vore like kraftfulle, men der er lyspunkt. Mange grøne støtteordningar som er relevante for våre partnarar har blitt styrka og forbetra, sjå også forløpande oversikt her.

Solid støtte til Klimapartnere

Klimapartnere kunne nyleg juble over fem millioner kroner i solid annerkjenning frå Klimasts – for å styrke Norges viktigste partnerskap for grønn næringsutvikling. I Vestland blei det også full støtte til grønne fritidsbåter, som Klimapartnere samarbeider med bGreen og Bergen kommune om. Og ikkje minst er Klimapartnere med når Vestland satsar på «take off» for etablering av elfly- satsing. Sjå øvrige tildelingar til fylket her.

Held koken i Koronatider

Møre og Romsdal fekk nyleg tilskot og med det blir truleg «Klimapartnere- familien» å finne i alle regionar i heile landet i løpet av 2020. Etter offisiell oppstart av Klimapartnere Nordland i juni, passerte vi 200 partnarar til saman. Vi har no over 13 tilsette i heile landet for å akselerere det grøne skiftet og jobbar i tillegg tett med Næring for Klima i Oslo. Klimahandling står som alltid i høgsete med forplikande avtaler for alle våre partnarar, som i tillegg vært utfordra om å bli fossilfri innan 2030 og etablere eigne grøne spydspissprosjekt.


Nye partnarar i Klimapartnere Vestland

Avdelingsleiar for Klimapartnere Vestland Nord, Truls- Einar Johnsen, har allereie fått 3 nye, viktige partnarar på plass: Evoy, Sogn og Fjordane Energi og Sognekraft. I Vestland Sør, med avdelingsleiar Renate Nedregård i spissen, har flaggskipa Bergen Havn og Festspillene i Bergen blitt med. Klimapartnere Vestland tel dermed no over 50 partnerar til saman og vi gler oss til å ønske dei 5 nye hjarteleg velkommen inn med høgtidleg signering under leiarmøte i Bergen 21.september.

Webinar

I vår er det blitt gjort store byks for grønn digitalisering. Sjå også eige innslag om dette på TV2- økonominyheitene med Helene Frihammer. Sjølv om vi savnar fysiske møter har vi hatt gleda av å kunne tilby mange gode webinar:

  • Solenergi som standard på kommunale bygg, i samarbeid med solenergiklyngen og bGreen. Opptak: Her
  • Den Lokale Klimarisiko, med Norsk Klimastiftelse & Kommunalbanken. Opptak:  DEL 1  Del 2
  • Grønnere gründerskap i korona-tider, med VIS og Norsk Klimastiftelse. Opptak og digitalt verktøy: Her
  • Klimakrav i offentlige annskaffelser, med Asplan Viak, KLP og Thommessen, Opptak: Her
  • Bærekraft som konkurransekraft, med NHO Vestlandet, Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster.  Her



Øvrige aktiviteter:

  • Bidrag til Fjordkraft sin digitale Bærekraftsskule, inspirert av Atea og NorEngros. Klimapartnere vurderer å etablere ein tilsvarande grønn, digital skule for alle partnarar, så meld gjerne frå ved interesse!
  • Medarrangør for «Take off» for elflysatsinga med Vestland fylke i spissen.
  • Innspel til partnarar sine strategiprosessar for omlegging i Koronatider
  • Styrka bruk av sosiale medier (vi har no til saman over 15 000 følgarar på våre platformer)
  • Besøk og film-opptak frå våre partnerar. Publikums – og reiselivssektoren har vore ekstra sårbar i denne perioden og vi har freista sette ekstra søkelys på at levande bedrifter og kortreiste opplevelsar også er ein viktig del av det grøne skiftet. Sjå fleire av innlegga her
  • Samarbeid med bGreen for kartlegging av kjelder til gass (for utfasing) og satsing på utsleppsfrie fritidsbåtar
  • Årets Klimaregnskap, som vi tek sats på å komme i mål med i august.
  • Leiar av Klimapartnere Vestland, Helene Frihammer, er også bærekraftskommentator på økonominyhetene på TV2 kvar 14.dag

 

Aktivet hausten 2020

Hausten 2020 satsar vi på det lar seg gjere å halde fysiske møter med god energi att, samstundes som vi tek vare på dei gode digitale vanene vi har etablert. Forutan partnermøter, rådgjeving og vidareføring av våre eksisterande prosjekt, vil vi i endå større grad ha fokus på å dele løysingar alle lettare kan kopiere og nytte for å få fart på det grøne skiftet.

Planlagte  arrangement hausten 2020

Vi gler oss til å ta fatt på hausten med dykk!

Meir enn nokon gong må vi alle gå frå preik til praksis.  Meir enn nokon gong må vi sette fokus på å handle lokalt og selje våre grøne løysingar globalt. Klimapartnere skal i samspel med våre 50 partnerar fortsette å være ein sterk, grøn akselerator for handling for å nå målet om nullutslepp i 2030.

Vi i Klimapartnere Vestland ønske alle god norsk sommar med lave skuldre og tid til å lade batteria!

Beste helsing

(PS! Legg merke til at vi har fått nye epost-adresser)

Renate Nedregård
Avdelingsleder Sør
Tel: + 47 414 12 707
E-post: Renate Nedregard@vlfk.no

Truls-Einar Johnsen
Avdelingsleder Nord
Tel: + 47 978 83 931
E-post: Truls-Einar.Strand.Johnsen@vlfk.no

Helene Frihammer
Leder Klimapartnere Vestland/
Nasjonal koordinator nye regionar
Tel: + 47 99 08 77 00
E-post: Helene.Frihammer@vlfk.no