Hausthelsing frå eit samla Klimapartnere Vestland!

Trass unntakstid har det vore ein haust fylt med mykje aktivitet og driv. Vi er særleg stolte av at Klimapartnere Vestland no er samla til eit partnarskap for heile fylket. Vi nærmar oss raskt 60 partnarar som alle går i front for målet om Nullutslepp 2030.

Operasjon Nullutslepp 2030

Fyrst og fremst er det svært gledeleg at Vestland fylke har vedtatt målet om nullutslepp 2030 for heile det geografiske fylket! Dette er ein historisk ambisjon som setter ei svært tydeleg retning; å fjerne alle direkte utslepp frå fylket. Skal ein få til dette, vil alle kommunar, industri, verksemder og privatpersonar trengs på dekk. Vi i Klimapartnere Vestland skal sjølvsagt gå i front og utfordrar alle våre partnere om i sette seg mål i tråd med ambisjonane til fylket.

Ei samla Klimapartnere Vestland

Klimapartnere Vestland er no samla til eit partnarskap for heile fylket og nærmar oss raskt 60 partnarar som går i front for målet om Nullutslepp 2030. I nord står avdelingsleiar Truls- Einar Johnsen i spissen, i sør, Renate Nedregård. Helene Frihammer leiar Klimapartnere Vestland og er samstundes strategisk prosjektleiar for eit større landsdekkande løft for Klimapartnere.

Sjølv i koronatid er interessa for Klimapartnere og det grøne skiftet svært stor. Det er ekstra gledeleg å kunne ønske velkommen til mange nye og viktige partnar inn i Klimapartnere Vestland i desse tider. Alle desse vil formelt signerast inn under dei to formelle signeringslunsjane i haust:

Evoy, Sognekraft, SFE, Sparebanken Sogn og Fjordane, Simas, ViteMeir, Firda Bilag, Bergen Havn, Festspillene i Bergen, Voss herad, Bergen Marina AS, Øygarden

Årets resultat og lansering av digitalt Klimaregnskap

I den rykande ferske Klimaregnskapen for Vestland rapporterte heile 25% av våre partnarar at dei no er fossilfri (direkte utslepp) og at 75% har sett seg mål om å bli fossilfri seinast innan 2030. Vi kunne og lese ein fin nedgang i direkte utslepp på rundt 5 % frå fjoråret. Stadig fleire partnarar set dessutan krav til leverandørar om å være karbonnøytrale eller ha mål om å bli fossilfri innan 2030. Vi får stadig tilbakemeldingar om at dette no skapar store ringverknader i regionen. Vi vil sette enno meir fokus på dette i tida som kjem og utfordrar alle partnarar om å sette krav til leverandørar i tråd med eigne målsetningar.

Grøne løysingar

Klimapartnere arbeider hardt for å vise fram alle dei gode grøne eksempla på tiltak, produkt, tenester og prosjekt våre partnarar jobbar med. Her er det inspirerande mykje grønt gull å ta av! Vi gler oss veldig til å lansere den grøne «eksempelbanken» frå Klimapartnere i desember, som vil framheve nærare 200 partner-eksempel, stort og smått, frå heile landet. Vi trur det blir eit svært viktig grep for å skape ein endå sterkare positiv «smitteeffekt» for grøne tiltak og etablering av produkt og tjenester.

Frå Vestland har det til dømes vore fleire gode grønne nyhende i det siste: Bybanen har fått på plass verdas fyrste elektriske spuntemaskin, Evoy har fått tildelt 45 millionar kroner i EU midlar for å utvikle elbåt-løysingar. Vestland sette ny rekord med 72 % elbil i nybilsalet for personbil og 10 % elbil for varebil i  september, og karbonlagringsprosjektet Northern Lights vært finansiert.

Viktig kommunikasjon

Vi trur på det gode eksempelet si makt og utfordrar alle partnarar om å mobilisere tydeleg og engasjerande både internt og eksternt. Ikkje minst er signalet som sendes frå toppleiing særleg viktig. I haust vil vi difor kalle inn til eit eige kunnskapsmøte i Klimapartnere Vestland om nettopp om dette.

I mellomtida oppfordrar vi alle til å ta ein kikk på dette strålande eksempelet frå Sparebanken Vest, som viser korleis verksemda tenker klima frå A- Å.  Ikkje minst ta gjerne ein kikk på nokre av videoane frå Klimapartnere Vestland som har blitt laga i haust og eksempla vi deler på sosiale medier.

Planlagt aktivitet haust 2020

Vi held stadig høgt tempo i Klimapartnere Vestland. På grunn av oppblussing av Korona har ein del aktivitet i partnarskapen likevel måtte blitt endra og flytta på. Vi kjem snarleg tilbake med endelege datoar og invitasjon til dei planlagde møta under.

  • Oktober – Møte om utfasing av gass ( digitalt/fysisk)
  • Oktober – Signeringslunsj nye partnarar Nord
  • Oktober – Møte om fossilfri bygg- og anleggsverksemd (digitalt)
  • November – Signeringslunsj nye partnarar Sør
  • November – Utvida, digitalt leiarmøte Klimapartnere Vestland (digitalt)
  • November – Møte om Klimakommunikasjon (digitalt/fysisk)
  • Desember – Nasjonal Klimapartnere konferanse (digitalt)

Gjennomført aktivitet haust 2020


I media

Prosjekt

Samstundes som vi arbeider gjennom partnermøter, partnerbesøk og rådgiving er også Klimapartnere Vestland pådrivar for og samarbeidspartner på ulike prosjekt:

  • Pådrivar-rolle for nullutslepps-fritidsbåtar mellom anna i samarbeid med bGreen og prosjektet « Den grønne led» og etablering av delebåtløysingar. Kruser kjem no mellom anna med si delebåtløysing til Bergen sommaren 2021.
  • Pådrivar for fase ut bruk av gass i bygg, i samarbeid med bGreen
  • Prosjektet «Grøn konkurransekraft», i samarbeid med Bjørnafjorden kommune
  • Mobilisering rundt målsetninga om nullutslepp 2030, i samarbeid med mellom anna Stord, Stad, Bjørnafjorden kommune og Vestland fylkeskommune
  • Utarbeiding av «klimameny» og tiltaksliste for å gjere kommunal klimaplanlegging og innføring av målsetning om Nullutslepp 2030 lettare.
  • Etablering og utprøving av indikatorar for måling av grøn konkurransekraft og næringsutvikling, saman med Sintef, Trondheim kommune og Trøndelag fylkeskommune. Planen er at denne type indikatorar vil inngå i neste års klimaregnskap.


Vi gler oss til siste innspurt av 2020 med dykk!

Målet er å avlegge alle våre partnarar minst eit besøk innan utgongen av 2020. Meir enn nokon gong må vi alle gå frå preik til praksis.  Meir enn nokon gong må vi sette fokus på å handle lokalt og selje våre grøne løysingar globalt. Klimapartnere skal i samspel med våre nærare 60 partnarar fortsette å være ein sterk, grøn akselerator for handling for å nå målet om nullutslepp i 2030.

Vi i Klimapartnere Vestland ønskar alle god haustferie !

Beste helsing

(PS! Legg merke til at vi har fått nye epost-adresser)

Renate Nedregård
Avdelingsleder Sør
Tel: + 47 414 12 707
E-post: Renate.Nedregard@vlfk.no

Truls-Einar Johnsen
Avdelingsleder Nord
Tel: + 47 978 83 931
E-post: Truls-Einar.Strand.Johnsen@vlfk.no

Helene Frihammer
Leder Klimapartnere Vestland/
Strategisk Prosjektleder Klimapartnere
Tel: + 47 99 08 77 00
E-post: Helene.Frihammer@vlfk.no