
ALLE FOTO: Mari Fjellkårstad
Cirka 30 deltakarar frå nærare 20 forskjellige verksemder var til stades da Klimapartnere Vestland gjennomførte Kickoff for den nordlege delen av partnararskapet onsdag i førre veke. Med bidrag frå fylkesvaraordførar Natalia Golis, leiande politikarar i Stad, Sunnfjord, Kinn og Sogndal kommune og Evoy, Fjord1, Sogn og Fjordane Energi, Firda Billag, INC-gruppen fekk eksisterande klimapartnarar, potensielle klimapartnarar og andre interesserte eit lite, men inspirerande innblikk i omstillingsarbeidet som skjer i regionen.
– Det var svært gledeleg å sjå at så mange sentrale aktørar frå både næringslivet og offentleg sektor kunne vere med både som innleggshaldarar og deltakarar. Tanken var å få vist fram ein smakebit av det arbeidet og dei tankar som allereie er i regionen, og satt det i kontekst den rolla Klimapartnere ynskjer å ta, og det syns eg vi lukkast med. Det skjer såpass mykje her i området at utfordringa var å avgrensa det til tre timar, seier avdelingsleiar for Klimapartnere Vestland nord, Truls-Einar Johnsen.

Måtte utsetjast
I november i fjor starta han arbeidet med å etablere den nordlege delen av det eksisterande partnarskapet Klimapartnere Vestland. Onsdagens kickoff skulle eigentleg arrangerast i mars, men måtte utsetjast grunna koronapandemien. Selskapa Evoy, Sognekraft og Sogn og Fjordane Energi har likevel allereie gått inn i partnarskapat og no håper Johnsen at fleire heng seg på.
– Vi har, som alle andre, opplevd at ting ble satt på vent da koronaen kom. Då har det vore godt å kunne støtte seg til eit eksisterande partnarskap. Samstundes så er det veldig gledeleg med dei tre som har tatt valet om å bli klimapartnar midt i denne perioden. Det er også fleire som har vist interesse, og enda fleire har det blitt etter onsdag. Så vi blir ein slagkraftig gjeng her i nord også og det er viktig når Klimapartnere Vestland skal vere ein dynamo for omstilling og grøn forretningsutvikling i heile Vestland.

Vil du bli klimapartnar?
Klimapartnere Vestland har over 50 partnarar og Klimapartnere har partnarskap og over 200 partnarar øver heile landet. Dersom di verksemd er interessert i å bli med på laget med Klimapartnere Vestland kan du kontakte avdelingsleiarane på truls.johnsen@vlfk.no (nord) eller Renate.Nedregard@vlfk.no for ein uforpliktande prat. Viss di verksemd ikkje er i Vestland så finn du ei oversikt over regionar og regionsleiarar her.