Toppleiarmøte for nullutslepp 2030 – Klimapartnere Vestland

2019 blei året då klima endeleg trona øverst på agendaen. Den unge, modige Greta Thunberg og dei klimastreikande har bana veg for oss alle! Toppleiarar av sentrale verksemder står midt i stormen, med både ansvar og moglegheit til raske klimakutt og grøn næringsutvikling.

Det er ei stor glede av å kunne invitere til det 6. toppleiarmøte i Klimapartner Vestland med fokus på klimahandling for ein nullutsleppsregion innan 2030.

Her vil både påtroppande fylkesordførar Jon Askeland og byrådsleiar Roger Valhammar fortelje korleis dei vil leie an, saman med fleire av våre mest ambisøse næringslivsleiarar. Fokus for møtet vil som alltid være positiv smitteeffekt for klimahandling og «Dette berre gjer vi!». Truleg blir det også ny rekord av verksemder som høgtidleg signerer seg inn i partnerskapen.

Program  (start 12.00)
Lunsj -Musikkinnslag

Velkommen til Fløyen #6minUnna  v/ Adm. Dir, Anita Nybø
Nullutslepp 2030 v/ Fylkesordførar Jon Askeland
Norges Grønnaste By v/ Byrådsleiar Roger Valhammer
Noreg viktigaste grønne partnerskap v /Helene Frihammer, leder Klimapartnere Vestland
Stord – tek utfordringa v/Ordførar Gaute Straume Epland
Beste praksis Klimapartnere verksemder!

Pause – og bildetaking

Beste praksis
Klimapartnere verksemder!
Formell signering nye partnere
Idebytte
Avrunding v/ Klimapartnere – (Slutt – 15.30)

Litt om utviklinga i Vestland fylket sidan sist:

Vestland fylke har nettopp sett mål om nullutslepp i heile fylket innan 2030. Bergen (sette tilsvarande målsetning i 2015), Stadt, Kinn og Stord kommune har følgt opp med same målsetning, og dei fleste andre kommunar i fylket vil truleg gjere det same. Dessutan har nesten alle Klimapartnere satt seg mål om å bli fossilfri innan 2030, med konkrete planar for å oppnå dette.

Vi ser samstundes teikna til ei rivande utvikling: Vestland er blitt eit episenter for elektrifisering i verdssamanheng. All kollektivtrafikk i fylket skal være fossilfri innan 2025 og ferjene er snarleg elektrifiserte. Bergen har nettopp satt verdsrekord med 20 % del elbilar i bilparken (og over 60% av nybilsalet). Regionen vil satse på elfly og vi har fått store batterifabrikkar og grøne datasenter. Dessutan arbeider ein med storstilt satsing på landstrøm, oppdrettsanlegg fjernar fossile kjelder til utslepp og no sist blei det beslutta at snøggbåtane i fylket skal bli utsleppsfrie innan 2024.

Summen av dette gjer håp, men det er svært mange viktige brikker att!
Alle må mobilisere til handling!

Dette er desverre ikkje eit åpent møte.
Påmelding skjer kun pr. direkte invitasjon.

Årets nyord er Klimabrøl! (Bildet fra venstre: Rektor Dag Rune Olsen (UiB), Konserndirektør Rolf Barmen (Fjordkraft) og Helene Frihammer (Leder Klimapartnere Vestland) på klimademonstrasjon med tusenvis av unge på Torgalmenningen i september.)

 

Andre Arrangementer