
18. januar har Klimapartnere Vestland gleda av å invitere til lunsjwebinar om Klimasats 2021. Klimasats er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil kutte utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Hovedfristen for å søkeklimasatsmidlar for 2021 er 14. februar, men enkelte tiltak kan ha andre fristar. Les meir om Klimasats her.
Miljødirektoratet vil informere om Klimasats 2021 og vi vil høyre eksemplar på prosjekt som fekk Klimasatsmidlar i fjor. I tillegg utfordrar vil deltakarane om å fortelje kva slags klimasatsingar som står øvst på deira kommunes ønskeliste.
Webinaret er ope for alle i dei inviterte kommunane, både frå administrasjon og politikere, men passar spesielt godt for dei med ansvar for å utforme og gjennomføre klimatiltak som kan utløyse klimasatsstøtte. Møtet er også ope for kommunar og andre interesserte knytt til andre Klimapartnere-regionar i Noreg.
Møtet vil gå på Teams og du deltek ved å følje lenka under.
Program
- Velkommen og innleiing /v Truls-Einar Johnsen, avdelingsleiar Klimapartnere Vestland nord
- Miljødirektoratet informerer om Klimasats 2021
- Døme frå kommunar i Vestland
- Moglegheita i vår region /v Helene Frihammer, leiar av Klimapartnere Vestland
- Samtale rundt «bordet» – Kva ynskjer di kommune å satse på i 2021?
Kontakt truls.johnsen@vlfk.no dersom du ønsker å bli invitert til møtet.