
Ein nudge er eit lite «dytt» i riktig retning, der vi vert påverka til å ta val utan at vi tenkjer på det. Nudging er eit supplement til økonomiske insentiv, påbod og forbod, og kan i nokre tilfelle vere meir effektivt for å redusere klimagassutslepp enn desse verkemidlane. I denne workshopen lærer vi om nudging som verktøy for å redusere klimagassutslepp, inkludert ein metode for å gjennomføre og teste nudge.
Maks. antall deltakere: 30 – første mann til mølla! Gå til påmeldingsskjema
Workshopen holdes digitalt i Zoom. Det er gratis å delta, men du må registrere deg i forkant. Påmeldingsfrist: 28. september
Målgrupper
Workshopen passar for alle som ønskjer å lære meir om åtferd og nuding og korleis vi kan bruke dette i praksis til å redusere klimagassutslepp.
Program
Workshopen består av ein teoretisk del og ein praktisk del, og gir deg kunnskap i
- verktøy og metodar slik at du kan jobbe med nudging i eigen organisasjon
- gode eksempel på nudge som er gjennomført i Noreg og internasjonalt for å redusere klimagassutslepp
- ei innføring i kva nudging er, og sentrale omgrep frå åtferdsforskinga
- metode for å gjennomføre og teste nudge i eigen verksemd
Mona Nilsen frå NORSUS og Sigrid Møyner Hohle frå Endrava er kurshaldarar.
Vestland fylkeskommune arrangerer webinaret saman med NORSUS, Endrava, Klimapartnere Vestland og Bergen kommune.