Kick off: Klimapartnere Vestland nord

26. august inviterer Klimapartnere Vestland til kick off for lanseringa av den nordlege delen av partnarskapet. Møtet vil bli arrangert i Førde.

Tema for møte er «Nullutsleppsfylket Vestland. Samarbeid og moglegheiter i det grøne skiftet»

Varaordfører i Vestland fylkeskommune vil ynskje velkommen, det blir panelsamtale mellom politisk leiing i fleire av kommunane i regionen, og vi får innlegg frå næringslivsaktørar som allereie har tatt ein sterk rolle i vår regions grøne forretningsutvikling. Ikkje minst vil vi presentere Klimapartnere Vestland, som i dag teller over 50 partnarar i offentleg og privat verksemd.

Fullstendig program kjem i løpet av sommaren.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Vi oppfordrar likevel kvar verksemd til å forsøke å avgrensa seg til 2-3 deltakarar. Viss de ynskjer å delta med fleire, ta kontakt med Truls-Einar Johnsen truls.johnsen@vlfk.no

Grunna smittevernshensyn er det viktig at vi har oversikt over alle som deltek.

Vi ber derfor om at de nyttar dette påmeldingsskjemaet for påmelding.