Havhåpet! Saman for ein plastfri kyst

Akvariet, Nordnesbakken 4, 5005 Bergen
09.04.2025 kl. 13:00-15:00

Klimapartnere Vestland i samarbeid med Framtidshavet, NORCE og Akvariet i Bergen.
 
Den norske kysten vår har dei same utfordringane som overalt i heile verda: Enorme mengder plastsøppel har innteke havet og forureinar viker, strender, kystsoner og dyreliv på sjø og land. Plasten infiltrerer seg med jorda. Mikroplasten endar opp i kroppane til dyr og menneske – med ukjende helsemessige konsekvensar.  
 
Men Havhåpet finst! Menneske som elskar kloden og naturen har rydda både i norske fjordar og fjerne strender. I dette møtet på Akvariet i Bergen vil Kenneth Bruvik – kjent frå den oppsiktsvekkande NRK-serien «Plasthavet» fortelja frå sitt nylege besøk i India – der advokaten Afroz Shah og hans hær av støttespelarar utrettar beintfram mirakuløse gjenskapingar av strender som før såg ut som søppelfyllingar. Det er ei sterk forteljing som gir håp for havet og alt liv på kloden.  


Også i Noreg nyttar det: Vi er mange som er med på strandrydding – men fleire trengst. Ikkje minst bedrifter langs kysten har alt å vinna på å engasjere seg. Tilsette, leiarar, skuleelevar – ingen går upåverka heim etter å ha erfart plastutfordringa på nært hald. Det nyttar å gjere noko. Seniorforskar Gunhild Bødtker vil også delta og gi oss innsyn i plastutfordringa frå forskarperspektivet – og om eit nytt spennande prosjekt som pågår i vårt nærområde! 
 
Og kva betre rammer å snakke om dette enn på Akvariet i Bergen? Møtet vert leia av Arild Sondre Sekse og vil føregå både ute og inne. Til slutt inviterer vi til ein samtale med publikum, der vi vil inspirere til handling, og sparke i gang verdas største plastryddeaksjon! Kom og ver med!  

Klimapartnere er nå i hele Norge. Ta kontakt med ditt lokale kontor dersom du har spørsmål eller ønsker å bli partner.

Kart over klimapartner-regioner