
Samfunnsansvar og konkurransedyktigheit heng tett saman i dagens marked. Gjenreisinga etter koronakrisa kan vere ein god sjanse til å starte på ein ny og grønare utviklingsprosess. Vi inviterer til ein workshop med dei to fremste ekspertane på berekraftige forretningsmodellar i Noreg. Her blir det lagt opp til fagleg innhald frå kursleiarane, innlegg frå Klimapartnere Vestland, NHO Vestlandet og verksemder som deler sine erfaringar med berekraftsarbeid, samt gruppearbeid, refleksjon og erfaringsveksling frå deltakarane.
Dato: Todelt workshop, 18. juni 08:30 – 11:30, og 23. juni 09:00 – 12:00.
Arrangørar: Klimapartnere Vestland, NHO Vestlandet, Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster
Påmeldingsfrist: 17. juni kl. 12:00. Maks 50 bedrifter.
Påmelding: Følg denne lenka
Pris: Gratis for våre partnarar ved bruk av rabattkode. Ta kontakt på truls.johnsen@vlfk.no for å få tilsendt kode.
Spørsmål? Kontakt Truls-Einar Johnsen på 979 83 931 eller truls.johnsen@vlfk.no
1) Lære kva berekraftige og sirkulære forretningsmodellar er
2) Nytte kunnskapen til å designe ein meir berekraftig og lønnsam forretningsmodell i di eiga bedrift
Workshopen vil foregå på den digitale plattformen Zoom, 18. og 23. juni.
Torsdag 18. juni, 08:30 – 11:30
Kombinasjon av forelesning, gruppearbeid og plenumsdiskusjon:
«Kva er ein berekraftig forretningsmodell? – Samanhengen mellom berekraft, sirkulærøkonomi og lønnsemd.» (Jørgensen og Pedersen)
«Veikart for framtidas næringsliv» (Mari Sundli Tveit, politikkdirektør i NHO)
Innlegg frå Klimapartnere Vestland
Presentasjon av RESTART-rammeverket, og Jørgensen og Pedersen sin eigen innovasjonsmodell som dei har utvikla og testa i nært samarbeid med ei rekkje bedrifter. Gode døme frå næringslivet er inkludert (Jørgensen og Pedersen)
Gruppearbeid i inndelte digitale grupperom: Analysere og diskutere eigen forretningsmodell
Mellom dei to workshopane
Mellom dei to workshopane vil deltakarane i kvar bedrift få ei enkel oppgåve dei skal arbeide med. Dette vil ikkje krevje mykje arbeid, og det vil vere knytt til å forstå meir av dagens situasjon i eiga verksemd, samt å opne opp for nye moglegheiter.
Tysdag 23. juni, 09:00 – 12:00
Kombinasjon av forelesning, gruppearbeid og plenumsdiskusjon:
Gruppearbeid: Korleis kan de omsetje berekraft til konkurransekraft?
“Slik arbeider vi med berekraft” (Elkem)
Bedriftseksempel, TBA: Kva vi har gjort for å bli meir berekraftig, og kva dette har gjort for oss.
Korleis rigge verksemda di slik at du kan nytte potensialet som ligg i å integrere berekraft og sirkulærøkonomi (Jørgensen og Pedersen)
Sveinung Jørgensen and Lars Jacob Tynes Pedersen er berekraftseventyrarar og førsteamanuensar ved Norges Handelshøyskole. Dei leiar Centre for Sustainable Business, og er dei fremste forskarane på sirkulære og berekraftige forretningsmodellar i Norge. Dei har 15 års erfaring med forskingsbasert innovasjon saman med bedrifter i inn- og utland som ønskjer å forene berekraft og lønnsemd