– Det nyttar å rydde plast

Under One Ocean Week i Bergen løfta Klimapartnere Vestland fram temaet plastforsøpling i havet. Med plastryddegeneralen Kenneth Bruvik i spissen, var bodskapen tydelig: Det er håp for havet, dersom vi held fram med å rydde og samstundes jobbar for å redusere produksjon av unødvendig plast.

Publikum som tok turen til Akvariet i Bergen onsdag 9. april, blei møtt av eit uvanleg syn. Midt mellom pingvinar og sjøløver låg det plastsøppel strødd på bakken. Plasten kom frå rydding av strender og viker langs vestlandskysten, og blei vist fram saman med ein klar melding frå barna i Klimaklubben på Landås skule: Havet er ikkje eit bosspann!

Med ein eigen dans mellom haugane av plastboss, vart innslaget frå barna ei sterk opning av Klimapartnere Vestland sitt arrangement «Havhåpet! Saman om ein plastfri kyst».

Mikroplastfabrikk i Øygarden

Saman med partnarane Akvariet, NORCE og Framtidshavet ville Klimapartnere sette skarpt fokus på den globale trusselen som plastforureining utgjer mot livet i havet og på land.

Kenneth Bruvik i stiftinga Framtidshavet kom direkte frå debatt med klima- og miljøministeren i TV2-studio. Den siste tida har Bruvik vekt nytt engasjement om plastforsøpling etter eit sjokkerande funn i Øygarden.

Klimapartnere var også med då Framtidshavet tok med seg presse, ungdom frå FN sitt havpanel og mange andre til ein bergsprekk i Øygarden – der havet har lagt frå seg store mengder plast gjennom fleire tiår.

– I denne bergsprekken er det 8-9 kubikkmeter med plast som blir pressa opp og ned med flo og fjøre og malt i små bitar, til mikroplast og nanoplast. Kva skjer med det marine dyrelivet som lever der? Kva har det å seie for oss? Mi største bekymring er den kjemiske cocktailen med farlege stoff som blir blanda saman og sakte men sikkert vert sleppt utatt i havet og naturen, seier Bruvik.

Frå scenen i kinosalen på Akvariet viste Kenneth Bruvik video frå staden som er omtalt som en «mikroplastfabrikk», og delte si djupe uro med dei frammøtte.

Forskar på konsekvensane

For å finne ut av desse spørsmåla, samarbeider Framtidshavet med forskarar hjå NORCE. Gunhild Bødkter, seniorforskar og mikrobiolog i NORCE, viste fleire skremmande døme på kva som skjer når plast blir ein del av naturen.

– Når plasten hamnar i naturen, blir den mykje farlegare enn han var i utgangspunktet. Plasten endrar storleik, han vert ikkje nedbroten, det vert berre mindre og mindre bitar. Vi veit ikkje så mykje om kva som skjer når plast vert fragmentert, og vi veit heller ikke kva som skjer med dei aller minste bitane, sier Bødtker.

Optimisme frå India

Omfanget av plastforureining i verdas hav og vassdrag er enormt, og konsekvensane er uvisse. Likevel var det ikkje berre eit skræmebilde som blei delt under samtalen på Akvariet. Bruvik viste film og bilde frå ein nyleg tur til India, der Framtidshavet har vore med på eit plastryddingsprosjekt saman med advokaten Afroz Shah og lokale friviljuge. Resultatet er oppløftande.

– Eg ser at det fungerer, seier Bruvik. – Då eg var i Inda for berre eitt år sidan, flaut det av søppel. Sidan har det vore jobba knallhardt med opprydding, og dei har klart å snu tankegangen og bruksmåten for plast i slummen fra eingongsemballasje til sirkulære løysingar. Vi ser at fisken kjem tilbake til elvane som blir rydda, og skilpaddane kjem tilbake til strendene. Det i seg sjølv er eit tydelig svar fra moder jord: Viss de fiksar opp, skal eg gjere min bit. 

– Ikkje for seint

Seniorforskar Gunhild Bødtker meiner det er mogleg å gjere mykje for å hindre dei verste konsekvensane av plastforureininga.

– Det hjelper å rydde. Vi ser ein stor positiv effekt der det har vore rydda, og det er eit effektivt tiltak for å hindre sekundærforureining av mikroplast. Når mikroplasten først har kome ut i havet, klarar vi ikkje å rydde den opp igjen.

Plastryddegeneralen Bruvik utfordrar alle, både privat og på jobb, til å bli med på ryddedugnadar i sitt nærmiljø, langs kysten og i vassdraga.

– Den innsatsen som dei friviljuge legg ned, er enormt viktig. Vi må aldri slutte med det. Vi må halde fram med å rekruttere folk til å vere med ut og rydde. Det å rydde skapar gode kjensler, gjer oss meir rause med naturen, det gir meining, og det formar haldningar som er med på å skape varig endring.  

At det nytter, er mikrobiolog Bødtker ikkje i tvil om.

– Viss vi handlar no – har vi sjansen til å reversere skaden. Viss vi utset effektive tiltak i mange tiår, er det ikkje sikkert at det er like enkelt å ordne det. Det er ingen poeng i å utsette det.

Mobiliserer til handling

Arild Sondre Sekse frå Klimapartnere Vestland, som leia møtet på Akvariet, oppfordrar partnarar og enkeltpersonar til å “ta aksjon” jo før jo heller.  
 
– Tida til å handle er no, og det flotte er at å delta konkret med strandrydding er ein fantastisk aktivitet for bedrifter, minst like bra som blåtur og teambuilding! Dette er handling som fører til haldning. I 2025 har Kenneth og gjengen i Framtidshavet har planlagt ryddeaksjon i Sognefjorden 4. september og Hardangerfjorden 18. september. I tillegg kan Bergen og omegn friluftsråd gir konkret hjelp til bedrifter som ønskjer å involvere sine tilsette i eigne ryddeaksjonar. Her er det berre finne fram sjøstøvlane – og starte planlegginga!

Ta kontakt med Helene Johnsen i Bergen og omegn friluftsråd:
e-post: helene.johnsen(at)bof.no  
https://bof.no/om/

Framtidshavet:
Rein Sognefjord 4. sept: https://www.framtidshavet.no/reinsognefjord

Rein Hardangerfjord 18. sept: https://www.framtidshavet.no/reinhardangerfjord

Klimapartnere er nå i hele Norge. Ta kontakt med ditt lokale kontor dersom du har spørsmål eller ønsker å bli partner.

Kart over klimapartner-regioner