«Plastic People» skapte engasjement under BIFF

Alle kinosalens 120 seter var okkuperte då Klimapartnere Vestland og Bymiljøetaten i Bergen inviterte til visning av filmen «Plastic People» under Bergen internasjonale filmfestival (BIFF).

Den kanadiske dokumentaren gir ei innføring i plasten si historie og revolusjonerande betydning for verda – og syner samstundes korleis plast på avvegar i dag er eit alvorlig trugsmål mot livet i naturen. Ja, forskinga viser at den minste mikroplasten finn vegen inn i kroppens blod og vev – med uante konsekvensar for liv og helse i dyr og menneske.

Gjorde inntrykk

Etter filmen møtte over 60 til panelsamtale i Kulturhuset like ved. I panelet sat Kenneth Bruvik (Stiftinga Framtidshavet og programleiar for «Plasthavet»-serien i NRK1), Marte Haave (toxikolog og forskar i SALT), Toralf Igesund (seniorrådgjevar i BIR) og Stina Oseland (klimasjef i Bymiljøetaten i Bergen).

Filmen hadde gjort inntrykk, også på ekspertane. Plast inneheld kjemikaliar – og ein veit for lite om korleis dei påverkar organismar som får dette i seg. Dersom plast hadde blitt klassifisert som farleg avfall ville ei rekkje forbod og reguleringar trådt i kraft, men dette er enno under diskusjon i internasjonale fora.

Produksjonen av plast, særleg plast til eingongsbruk, må kuttast radikalt. I tillegg må det ryddast i naturen og langs strender og vassdrag verda over, fordi plasten som ligg der fortrenger planter og dyr og vert brote ned til stadig mindre delar, utan at den nokon gong vil forsvinne heilt.

Frå v: Arild Sondre Sekse (moderator), Kenneth Bruvik, Marte Haave, Toralf Igesund og Stina E. Oseland. Foto: BIFF

Plastfri bedrift eller bygd?

Internasjonale avtalar og nasjonale reguleringar må på plass for å skape endring globalt, men samstundes kan vi ikkje vente med tiltak og haldningsarbeid lokalt. At kommunar og verksemder kan handle umiddelbart, var det døme på i filmen. Fleire lokalsamfunn og verksemder i Canada har erklært seg som «plastic free» og arbeider målbevisst for å eliminere all bruk av unødig plast. Eitt av desse samfunna er Bayfield, som ligg ved Huron-sjøen. (Les meir om Bayfield, klikk her)

I Noreg har det å delta i strandrydding, for mange, vore ein augeopnar og spora til endring i personlege vanar og praksis i verksemder. I Vestland er det planar om nye ryddeaksjonar, sier Kenneth Bruvik, som gjerne hjelper med organiseringa.

– Vi oppmodar våre partnarar til å utforske korleis vi kan handle no for å endre haldninger, kutte bruk og produksjon av unødig plast – og rydde opp der vi kan, seier Arild Sondre Sekse i Klimapartnere Vestland, som leia panelsamtalen.

Cirka 60 møtte fram til panelsamtalen i Kulturhuset i Bergen. Foto: BIFF.

Klimapartnere er nå i hele Norge. Ta kontakt med ditt lokale kontor dersom du har spørsmål eller ønsker å bli partner.

Kart over klimapartner-regioner